Pressemelding fra Innovasjon Norge: 1,8 mill kroner til grøn it-satsing
Innovasjon Norge gir 1,8 mill kroner i støtte til forprosjekt der it-bedrifta Local Host AS i Måløy skal undersøke om det er muleg å nytte Lefdalgruvene som grønt datasenter.
Miljøvenleg datalagring
Verksemda Local Host AS er ei lita, men innovativ og ambisiøs bedrift i Sogn og Fjordane, som har blitt lagt merke til nasjonalt. Bedrifta har kompetanse innan datalagring og miljøvenleg kjøling med sjøvatn.
Fornyings- og administrasjonsdepartementet v/tidlegare fornyingsminister Heidi Grande Røys har vist stor interesse for Local Host og prosjektet, og var i sommar på besøk hjå bedrifta for å presentere rapporten ”Sky og Fjordane” - og for å gjere seg bedre kjent med prosjektet.

Sogn og Fjordane - vertskap for grøne datasenter?
Rapporten ”Sky og Fjordane” utarbeidd av IKT Norge, viser at Noreg har gode føresetnadar som vertskap for grøne datasenter. It-bransjen har eit aukande behov for datalagringsplass. Etterspurnaden etter miljøvenlege og framtidsretta datalagringtenester er stor. Fjordane på Vestlandet er i følge denne rapporten spesielt godt egna til grøne datasenter, med tilgang til rein energi frå vasskraft og vindkraft, og høvlege lokaler med god tilgang til kjøling – eksempelvis i dei ubrukte gruveromma i Lefdalgruvene. Prosjektet skal undersøke om det er muleg å kombinere etablering og drift av eit datasenter i kombinasjon med fortsatt gruvedrift.


Kontaktpersonar:
Sindre Kvalheim, dagleg leiar i Local Host
Mob 97 40 14 00

Egil Skibenes, prosjektleiar
Mob 47 91 10 00

Reidun Aasen Nesheim, Innovasjon Norge
Mob 91 88 32 20
LocalHost AS
Gt 1 nr 57
6700  Måløy
 
post@local-host.no
 
 
Telefon : 57 84 99 99
Faks : 57 84 99 91
Org.nr. : 991 386 912
_
Åpningstid : 8-16
Levert av ACOS AS